Kjærast
Den norske nobelprisforfattaren Jon Fosse har for første gong skrive orginalmanus til ein spelefilm. Handlinga i filmen Kjærast er lagt til ei lita vestlandsgrend, til eit fåmælt folkeferd og eit verhardt landskap Fosse kjenner seg heime i. Tema i filmen er kjærleik og lengsel, og kor vanskeleg det er for menneske i vår tid å nå inn til kvarandre.
Sjømannen Asle er med i eit band som held konsert i ei lita bygd. Her møter han Gerd. Ho blir straks hovudstups forelska i den kjekke gitaristen. Dei held kontakten og Gerd blir gravid.
Gerd er uroleg for framtida sjølv om Asle seier han ser fram til å bli far.
Men for ein som er vand med å ferdast langs vegen og på det opne havet er det vanskeleg å slå seg til ro i ei trong fjordbygd. Asle lengtar etter fridomen på sjøen og fridomen i musikken. Heime stenger han seg etter kvart inne, både i huset og i sitt eige sinn. Gerd, på si side, lengtar etter kjærleiken som Asle ikkje klarer å gje henne.
Litt etter litt går kommunikasjonen mellom dei to kjærastane heilt i stå. Det er berre barnet som har evne til å setje ord på det som er viktig og bryte den vonde tagnaden.
Filmen er regissert av Erik Poppe, kjend frå psykologiske dramafilmar som Hawaii-Oslo, De usynlige, Tusen ganger godnatt og Quislings siste dager. Poppe maktar på meisterleg vis å formidle vemodet, melankolien og mangelen på mellommenneskeleg kommunikasjon som kjenneteiknar Fosse sin forfattarskap. Han vågar også, i Fosse si ånd, å la historia utspele seg i eit sakte og repeterande tempo fram mot eit endeleg klimaks.
Not available in your region